Sognefjord Kaffibrenneri tek inn små parti av sporbar kaffi, henta hit fordi han er dyrka fram av bønder som legg like mykje stoltheit i sluttproduktet som me gjer.
Sognefjord Kaffibrenneri er eit av seks kaffibrenneri som er kvalifisert til NM 2020!
Fri frakt i nettbutikken på ubestemt tid :)
Sjølv om råvarene kjem langvegs frå, veit me å sette vårt preg på smaken. I ein kopp med kaffi frå oss finn du eit snev av både fjord- og fjelluft, av brevatn og solmodne tytebær og ein laks som sprett opp elva i lyset frå solnedgangen over Hurrungane.
Ok, det var kanskje å ta i litt. Les meir

Jobbkaffi?
Vil du ha god kaffi og bærekraftig kaffi på jobben?
Sognefjord kaffibrenneri brenner spesialkaffi til bedrifta. Antakeleg vis rimlegare enn du trur.
Enn så lenge: Samtlige kundar er fornøgd med avtalen. Ta kontakt for referansar.